Ulstein har lange skipsbyggingstradisjonar og har spesialisert seg på å bygge nybygg i verdsklasse, men tek også oppdrag som konvertering og oppgradering, ettermontering og reparasjonar.
Ferjene går til dagleg i sambandet Hareid-Sulesund, men treng no vedlikehaldsarbeid som krev bruk av tørrdokka.
- Vi er veldig nøgde med at Fjord1 gav oss dette oppdraget. Dette er verdifullt arbeid for oss når tørrdokka er tilgjengeleg, seier produksjonssjef ved Ulstein Verft, May Kristin Myklebust.
Dei tre ferjene hevar vasslinja så dei skal sandblåsast og måle opp att vasslinja. I tillegg skal ventilar inspiserast, pakningar bytast ut og anna arbeid gjerast etter at ferjene har vore i drift i 2,5 år.
- Vi har kunnskapen og fasilitetane, så vi vil meir enn gjerne få jobbe med fartøy gjennom heile livsløpet deira, påpeikar produksjonssjefen.
- Ulstein er kjent for design og bygging av nye fartøy. Det er noko vi skal fortsette med, men vi håper også at skipseigarar vurderer oss når dei treng vedlikehald eller konverteringsarbeid utført, seier May Kristin.
Ulstein har eit kompakt verft med dokkhall, tørrdokk og serviceverkstader på området for å sikre effektiv arbeidsflyt. Denne sommaren har Ulstein Verft utført fleire oppgraderingar og reparasjonar på fartøy, og til hausten skal ein i gang med eit stort konverteringsprosjekt av to plattformforsyningsfartøy til ERRV-batterihybridskip.
Fleire av oppgraderingsprosjekta krev eit tett samarbeid med skipsdesignerar frå Ulstein sitt designselskap og verftet sitt prosjekt-team. Det å ha denne kompetansen sjølve er ein stor fordel for å sikre kostnadseffektivitet og raske avgjersler.