Skap ei karriere i Ulstein
La oss utvikle ei framtid saman. Vi gir liv til nyskapande konsept i lag med partnarar og kundar. Innsikta og kunnskapane du bidreg med kan vere gnisten som gjer visjonar verkelege.
Skape morgondagens løysingar
Visjonen vår er klar: å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Vi søker alltid å vere eitt steg føre og har ei tilnærming der vi alltid søker etter ei løysing på utfordringane. Vi brukar ekspertisen og fantasien vår til å levere nye standardar til næringa, basert på tanken om langsiktig konkurransekraft.
Bli med på laget
Vil du hjelpe oss med å forme den maritime næringa?
Vi treng jamleg å styrke organisasjonen vår, og alle ledige stillingar vil bli lagt ut på denne sida.
Ledige stillingar
Service Engineer Power
Ulstein Power & Control
Senior Engineer Power Systems
Ulstein Power & Control
Bid manager
Ulstein Power & Control
Arbeidsleiar HVAC
Ulstein Verft
Disiplinleiar Produksjon stål
Ulstein Verft
Arbeidsleiar Overflatebehandling
Ulstein Verft
Arbeidsleiar ved avd. innreiing
Ulstein Verft
Send inn din CV
Registrer din CV og motta e-post når vi har ledige stillingar.
Kva er historia vår
Vi ønsker å gi meirverdi til kundane våre, noko som vert avspegla i visjonen og verdiane våre. Vi har ein forretningskultur og prestasjonar som vi er stolte av, og saman utgjer dette kjerna av det som er oss.
Og kva er det som verkeleg skil oss ut? Ei rik maritim historie som har gitt oss ein unik identitet og ein arv som lever vidare.
Korleis vi gjer ein skilnad
Ulstein Group er eit tredje generasjons, familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Selskapet vart etablert i 1917, og har hovudkontor i Ulsteinvik.
Arven vår
I løpet av åra har Ulstein utvikla seg frå å vere ein mekanisk verkstad til eit innovativt selskap innan skipsdesign, skipsbygging og maritime løysingar for den globale marknaden. Her er eit innblikk i vår historie gjennom 100 år.
Skaparglede og innovasjonskultur
Vi har ein forretningskultur som kombinerer struktur og kreativitet, erfaring og innovasjon, djerv tenking og nøyaktig gjennomføring.