Rørbøying
Kvalitetsrør sidan 1996.
Kaldbøying av rør for auka haldbarheit og rask leveringstid.
Prefabrikasjon av rør
Sidan 1996 har Ulstein Verft tilbode prefabrikasjon av rør til fartøy. Denne servicen starta ved eit behov for å ha kontroll på ein essensiell del av leveringskjeda når vi bygger skip ved verftet.
I dag tilbyr røravdelinga tenestene sine både til internt prosjekt ved verftet, for nybygg og ettermarknad, men også til eksterne kundar.
Rask oppstart - uten behov for ISO teikningar. Bilete og nokre mål er nok for å start opp produksjon av rør.
Kaldbøying av rør
Vi har kort produksjonstid, lang erfaring og DNV-sertifisert produksjonsområde. Rørbøyemaskinene tek rør frå ND50-ND200.
Kaldbøying av rør er ein produksjonsprosess med fleire fordelar:
- Sterkare rør
- produksjonsprosessen gir mindre spenningar i røret
- Sikrare rør
- færre sveiseskøytar og mindre fare for lekkasjar
- Effektive rør
- mindre svinn og energibruk kuttar kostnadar og sparar miljøet
- Raske rør
- effektiv produksjon med kort leveringstid.
Snakk med oss om:
- Kaldbøying av rør og prefabrikasjon
- NDT kontrollering
- Montering
- Trykktesting
- Prøving av tettleik
- Galvansiering/ maling
- Teikning av ISO rør og optimalisering av eksisterande ISO teikningar
Ta kontakt
Tor-Erik Agledal
Section Leader Pipe Bending
Telefon
Fasilitetar ved verftet
Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft for å betena behova dine.
Tørrdokk og dokkhall
Det kontrollerte miljøet i ei tørrdokk gir ei optimal ramme for skipskonstruksjon og skipsreparasjonsprosjekt. Beskytta frå elementa kan arbeidarane våre arbeida trygt og effektivt, upåverka av dårleg vêr eller turbulent sjø.
Sandblåsing og grunning
Ved Ulstein Verft har vi lang fartstid på overflatebehandling av skrog. Dokkhallen gir oss gode fasilitetar og jobbe i og arbeidet får eit perfekt resultat.
Kranløft og transport
Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.
Mobilisering og demobilisering
Vi tilbyr utmerka logistikkhandtering for å sikre effektiv mobilisering og demobilisering av utstyr for fartøy.
Rørbøying
Kvalitetsrør sidan 1996.
Kaldbøying av rør for auka haldbarheit og rask leveringstid.