Windea La Cour in dock hall Don Johansson

Fasilitetar ved verftet

Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft med utmerkte fasilitetar. I hjartet av verftet finn du ei tørrdokk med dokkhall. Dokkhallen sikrar gode arbeidsvilkår og eit stabilt miljø i nybyggingsprosjekt, skipsreparasjonar og ombyggingar. Hos oss er det kort veg til rørproduksjon, utrusting, maskinverkstad, administrasjonsbygg og andre tenester.

Ta kontakt
Fasilitetar
Jan Peder Hoggen and Kjell Ove Mork (middle) in the aftermarket department together with two of the welders, Jan Helge Gjengstø and Jonny Haugen.

Over eitt århundre med erfaring frå skipsbygging

Ulstein har over hundre års erfaring, og Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon er kjende i skipsbyggingsbransjen for sin solide kompetanse og kvalitet på arbeidet. Vi er eit tredjegenerasjons, familieeigd føretak og vert drivne av verdiane våre; Innovere, Engasjere, Avansere.

Våre team er dyktige innan ei rekke område som HVAC (ventilasjon), innreiing, stabilitet, maskineri, skrogstruktur, installasjon og integrasjon av utstyr og elektriske system. I Ulstein set vi pris på kunnskapsdeling og erfaring der våre tilsette vert oppmoda til å utforske og gjennomfør nye idear.

Vi utfører skipsbygging i form av nybygging og ombygging, inkludert skipsdesign og engineering, og tilbyr også eit breitt spekter av tenester for ettermarknaden, mellom anna vedlikehald, reparasjon, klassing, dokking og oppgraderingar. 

Avdelinga for tungløft ved Ulstein Verft spelar ei nøkkelrolle når ein skal flytte eller løfte tungt utstyr og seksjonar. Med rett utstyr og folk kan vi jobbe raskt og effektivt ved eige verft, eller vi kan ta på oss oppdrag langs norskekysten.

Vi har også eiga avdeling for rørproduksjon som sikrar kortare leveringstid i nybygg- og ettermarknadsprosjekt. Avdelinga tek også på seg oppdrag for eksterne kundar som treng kvalitetsrør. 

Ulstein Verft er sentralt plassert i Ulsteinvik nær Ålesund, sentralt i den maritime klynga på Sunnmøre.

Fasilitetar ved verftet

Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft for å betena behova dine.

Yno 302 at Ulstein Verft being launched from the dock hall

Tørrdokk og dokkhall

Det kontrollerte miljøet i ei tørrdokk gir ei optimal ramme for skipskonstruksjon og skipsreparasjonsprosjekt. Beskytta frå elementa kan arbeidarane våre arbeida trygt og effektivt, upåverka av dårleg vêr eller turbulent sjø. 

Paintwork on the PX121 designed platform supply vessel NAO Thunder. Photo: Karl Otto Kristiansen.

Sandblåsing og grunning

Ved Ulstein Verft har vi lang fartstid på overflatebehandling av skrog. Dokkhallen gir oss gode fasilitetar og jobbe i og arbeidet får eit perfekt resultat. 

Service aftermarket

Kranløft og transport

Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.

Verftet Blue Skip 2015

Mobilisering og demobilisering

Vi tilbyr utmerka logistikkhandtering for å sikre effektiv mobilisering og demobilisering av utstyr for fartøy.

PES8393

Rørbøying

Kvalitetsrør sidan 1996. 

Kaldbøying av rør for auka haldbarheit og rask leveringstid.

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Beskrivelse
Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS