Ulstein Verft DJI 0125

Ulstein Verft

Ulstein Verft bygger eit breitt spekter av høgeffektive skip med varig konkurranseevne. Vi tilbyr vår kombinerte kunnskap innan design, prosjektering, prosjektleiing, konstruksjon, installasjon og ferdigstilling. Vi har vore skipsbyggarar sidan 1917, og er kjende for å levere kvalitet til rett tid.

Nybygg
Ettermarknad
Fasilitetar
Tugs waiting, the CLV vessel Nexans Aurora getting launched. (Fotograf Hagen)

Avansert skipsbygging gjort enkelt

Vi byggjer eit breitt spekter av høgeffektive skip med varig konkurranseevne innanfor fleire segment. Dei siste åra har vi bygd skip for fornybar-marknaden, til dømes kabelleggarar og støttefartøy for havvind, har fått internasjonal merksemd for våre topp moderne ekspedisjonscruiseskip og levert verdas største bil- og passasjer-hybridskip.

Gjennom åra har Ulstein opparbeidd ein unik kompetanse innan prosjektering, installasjon, ferdigstilling og oppgradering ved verftet. Vi fokuserer på innovative teknologiske løysingar og metodar, prosjektleiing og effektive logistikk- og utstyrsmetodar. 

Ei sterk lagånd og straumlinjeforma produksjon gir høg grad av fleksibilitet og kvalitet.

Kva ønsker kundane våre?

Kundane våre treng ein partnar som bidreg til at dei får auka konkurranse-fortrinna og redusert risikoane dei møter. Gjennom ei systematisk tilnærming til innovasjon, skal vi vere ein god partnar. Vi skal bidra til at kundane kan halde tritt med skiftande standardar og krav til yting – ikkje berre for det som gjeld i dag, men også for krava som vil kome. 

Lågast muleg livsløpskostnad
Kostnadseffektivitet i forhold til drivstoff og andre ressursar er avgjerande for kunden, særleg ettersom energiprisane mest truleg vil halde seg høge. Redusert nedetid i samband med vedlikehald og anna arbeid er også viktig. Reiarane må vere sikre på at kostnadseffektiviteten er optimal gjennom heile livssyklusen til fartøya sine.
Ein partnar til å stole på
Å kunne halde seg innanfor avtalt tid, kvalitet og pris er avgjerande. Reiarlag og andre aktørar treng utstyr og tenester som sikrar leveringspresisjon – og dei oppsøker samarbeidspartnarar som dei veit kan levere rett kvalitet på tid, noko som bidreg positivt til deira eiga inntening og eige omdøme.
Tryggleik
Ulykker kan påverke miljøet eller føre til skadar på mannskap eller eigedom. Tryggleik og miljø er ikkje berre etiske problemstillingar, men også eit spørsmål om risikostyring. For kundane våre er det viktig at alle delar av verdikjeda leverer produkt og tenester som tek omsyn til miljøet og ivaretek sikkerheita.

“Når ein slår saman alle dei tinga som vi bryr oss om, var Ulstein det beste valet. Vi såg på mange ulike verft, med eit perspektiv på teknologi og prising. Vi fann at folk på Ulstein er greie å samarbeide med. Dei handterer kompleksitet og er fleksible. Dette er menneske vi kunne stole på.”

Sven Lindblad
President og administrerande direktør i Lindblad Expeditions

Ei sterk meritt­liste

Ulstein vart etablert midt i overgangen i den maritime industrien frå segl til motor. Selskapet omfamna raskt denne viktige trenden, og demonstrerte fokuset sitt på framtida. 

Over tid har vi etablert eit omdømme på å levere solide teknologiske løysingar – og å levere til avtalt tid. "Ulstein-kvaliteten" er legendarisk og den leiande posisjonen vår som innovatør innan maritimt utstyr og skip kjem frå tiår med fokus på sofistikerte produkt og tenester for å tilfredsstille dei tøffaste krava.

National Geographic Resolution kjem ut i lyset. Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

National Geographic Resolution

Eit toppmoderne cruiseskip for polarekspedisjonar. Utvida drivstoff- og vasstankar på skipet opnar for forlenga turar til avsidesliggjande område. Skipet har høgaste komfortklasse slik at passasjerane får eit roleg og fredeleg miljø om bord. Skipet tilfredsstiller Polar Code 5 og kan difor operere året rundt i polare miljø.

'Nexans Aurora'

Nexans Aurora

Eit DP3-kabelleggingsfartøy, utstyrt for power-kabellegging, inkludert buntlegging, kabelskøyting og -reparasjon, kabelsystemvern og grøfting. Fartøyet er utvikla for operasjonar i røft vêr og har gode eigenskapar for å manøvrere og halde posisjon.

WINDEA JULES VERNE quayside at Ulstein Verft.

WINDEA JULES VERNE

Eit batterihybrid støttefartøy (Service Operation Vessel, SOV) for offshore vindindustrien. Fartøyet er også attraktivt til arbeid med vedlikehald og byggestøtte. WINDEA JULES VERNE er utstyrt med ein stor, sentralt plassert W2W-rørslekompensert landgang og heistårn for overføring av personell og last.

Tillit gjennom erfaring

I meir enn 100 år har vi levd opp til forventningar i marknaden, og vi har vore nytenkande og nyskapande. I samarbeid med kundar, verft, leverandørar og klassifikasjonsselskap har vi vore med på å forma den maritime næringa.

DOF Skandi Nova

Ettermarknad og konkurransekraft

Ettermarknad dekker eit breitt spekter av tenester for å ta vare på eit skip gjennom heile livsløpet. Vi gjer alt frå service og vedlikehald til større ombyggingar og oppgraderingar. Er ditt fartøy klart til komande oppdrag? 

Windea La Cour in dock hall Don Johansson

Fasilitetar

Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft med utmerkte fasilitetar. Sentralt i verftet har vi ei tørrdokk med dokkhall. Dokkhallen sikrar gode arbeidsvilkår og eit stabilt miljø i nybyggingsprosjekt, ved skipsreparasjonar og ombyggingar. Hos oss er det kort veg til rørproduksjon, utrusting, maskinverkstad, administrasjonsbygg og andre tenester.

ISO-sertifisering

Ulstein Verft er sertifisert i samsvar med ISO9001:2015, ein kvalitetsstandard som syner at bedrifta vert styrt på ein målretta og kontrollert måte, og gjennomfører for tida ISO140001-sertifisering (miljøsertifisering).

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Beskrivelse
Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS