DOF Skandi Nova

Ettermarknad

Ettermarknad dekker eit breitt spekter av tenester for å ta vare på eit skip gjennom heile livsløpet. Vi gjer alt frå service og vedlikehald til større ombyggingar og oppgraderingar. Er ditt fartøy klart til komande oppdrag? 

Tenester
Fasilitetar

Forbetre konkurranseevna di

Som reiar og operatør står du overfor ein maritim industri i rask endring. Det er nye og strengare krav og forventingar til at drifta skal bli meir berekraftig og energieffektiv. Vidare må fartøy sikre maksimal verdi gjennom heile livssyklusen. 

Skal du kunne vere konkurransedyktig og sikre lønsam drift er det mange val som må takast når det gjeld oppgraderingar, konverteringar, tenester og reparasjonar. Denne typen arbeid inneber ulik kompetanse og kunnskap og sjølvsagt dei fasilitetane som trengst for å gjennomføre prosjekta.

Vi tilbyr fleire ettermarknadstenester for å gi kundane våre profesjonell tilgang til ettermontering, ombyggingar, service og vedlikehald, reparasjonar og oppgraderingar. 

Det nære samarbeidet mellom skipsdesign, engineering, produksjon og drift gjer oss til ein effektiv leverandør av ettermarknadstenester.

Close cooperation in Ulstein

Ei oppsummering av våre tenester

Gjennom åra har vi utvikla ein kunnskapsbase og erfaring som garanterer dei høgaste standardar innan kvalitet, utføring og leveringspresisjon. Vi har samla design, engineering og produksjon i same konsern og kan tilby effektive arbeidsprosessar og kortare leveringstid. 

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om våre tenester. 

Dokkhall og servicekai
Skjerma for vêr og vind i ein 140 meter lang dokkhall med tilstøytande tørrdokk på 107 meter. For prosjekt som ikkje krev dokking, kan vi kome raskt i gang med arbeidet frå servicekaiene våre.
Vedlikehald og oppgradering av elektriske system
Vi har dyktige fagfolk i alle ledd for service og utbetring av det elektriske anlegget og andre elektroniske system om bord.
Overflatebehandling av skrog
Reingjering, grunning og maling av skrog held korrosjon borte og utvidar skipet si levetid. I vår dokkhall har vi optimale forhold til å levere topp kvalitet på all overflatebehandling.
Service og reparasjonar av HVAC-anlegg
Ta vare på inneklimaet om bord med jamleg tilsyn og vedlikehald av ventilasjonsanlegget.
Reparasjonar av stålkonstruksjonar
Vi har dyktige teknikarar til å løyse eventuelle skadar eller problem med stålkonstruksjonar for å halde oppe strukturell integritet og tryggleik.
Støtte til klassing
Våre klassingstenester sikrar at fartøyet oppfyller kravet frå klassifikasjonsselskapet, og ivaretek sertifiseringane til skipet.
Vedlikehald av marine system og utstyr
Pålitelege vedlikehaldstenester for ulike marine system og utstyr for å halde dei i god stand, og sikre jamn drift.
Prosjektleiing og prosjektering
Gjennom effektiv prosjektleiing og teknisk støtte sikrar vi ei rettidig utføring og vellukka gjennomføring av ettermarknadsoppdrag.
Utbetring av rørsystem
Vår røravdeling har lang fartstid og produserer robuste rør. Kaldbøying av røra gir færre sveiseskøytar, noko som reduserer faren for lekkasjar og med lågare driftskostnader.
Reparasjon og vedlikehald av thrusterar og framdriftssystem
Vi syter for at skipet opprettheld kritiske framdrifts- og styringsfunksjonar.
Windea La Cour in dock hall Don Johansson

Fasilitetar ved Ulstein Verft

Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft med utmerkte fasilitetar. Vi har ei tørrdokk og dokkhall. Dokkhallen sikrar gode arbeidsvilkår og eit stabilt miljø i nybyggingsprosjekt,  skipsreperasjonar og ombyggingar. Hos oss er det kort veg til rørproduksjon, utrusting, maskinverkstad, administrasjonsbygg og andre tenester.

Historier frå våre ettermarknadsoppdrag

Sjå korleis vi kan hjelpe skipseigarar med å halde seg konkurransedyktige ved å optimalisere ytinga til fartøy.

Windea Leibniz DJI 0940 uavpic com

Windea Leibniz-oppgraderinga er fullført

4. februar 2023 vart arbeidet med oppgraderinga av Windea Leibniz fullført ved Ulstein Verft. Med ein auke på lugarar frå 60 til over 80 vert SOV-skipet no rekna som ein CSOV. I tillegg har verftet installert ein ekstra pidestall for operasjonar i Østersjøen, i tillegg til ein justerbar pidestall for Nordsjøen.

Esvagt Heidi launched
Oppdatering

Leverte ‘ESVAGT HEIDI’

ESVAGT HEIDI (tidlegare Hermit Prosper) blei levert frå Ulstein Verft til ESVAGT fredag 17. desember 2021 til avtalt tid og leveringsomfang. Skipet gjennomførte prøvetur same helg, og gjekk så til Ålesund for testing av landstraumtilkoblinga.

Ettermarknad
IMG 0626
Pressemelding

Tre ferjer på rad

Tre av batteriferjene til Fjord1 er i sommar innom Ulstein Verft for vedlikehaldsarbeid. Slike korttidsreparasjonar og oppgraderingsoppgåver er viktige for verftet når dokka er tilgjengeleg.

Ettermarknad

ISO-sertifisering

Ulstein Verft er sertifisert i samsvar med ISO9001:2015, ein kvalitetsstandard som syner at bedrifta vert styrt på ein målretta og kontrollert måte, og gjennomfører for tida ISO140001-sertifisering (miljøsertifisering).

Ta kontakt

Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Beskrivelse
Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Rolf Ottar Rovde DSC4480 comp bw

Rolf Ottar Rovde

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Power & Control AS
DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Beskrivelse
Manager service dept.
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Rolf Ottar Rovde DSC4480 comp bw

Rolf Ottar Rovde

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Power & Control AS
DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Manager service dept.

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS