NKT Victoria at Ulstein Verft, photo by Vikebladet Vestposten/Ole-Ottar Høgstavoll.

Ny oppgraderings- og vedlikehaldskontrakt for Ulstein

Ulstein Verft har signert ein kontrakt med Remøy Management på oppgradering, vedlikehald og klassing av kabelleggingsskipet NKT Victoria. Det 140 meter lange skipet kom til Ulstein Verft 30. november 2021.

Publisert
02 desember 2021
Del

Salssjef ettermarknad Bjørn Harald Norvik i Ulstein Verft fortel at arbeidet som skal utførast vil involvere fleire av produksjonsavdelingane ved verftet, og vil halde fram om lag tre månader.

NKT Victoria vart bygd ved Kleven Verft og overlevert til kabelselskapet NKT i april 2017. Remøy Management driftar skipet. No er skipet tilbake til kommunen der det vart bygd for oppgradering, vedlikehaldsarbeid og 5-årsklassing.

- Vi er takksame for oppdraget vi har fått med NKT og Remøy Management og det passar fint inn med andre pågåande prosjekt ved verftet, legg salssjefen til.

  • NKT Victoria at Ulstein Verft, photo by Vikebladet Vestposten/Ole-Ottar Høgstavoll.
    Kabelleggingsfartøyet NKT Victoria ved Ulstein Verft for oppgradering og vedlikehald. Foto: Vikebladet Vestposten / Ole-Otter Høgstavoll
  • NKT Victoria ved Ulstein Verft foto Ulstein Group IMG 1308
    NKT Victoria i vinterlys
  • NKT Victoria ved Ulstein Verft foto Ulstein Group IMG 1300
    NKT Victoria ved ei av service kaiene ved Ulstein verft.

Siste nytt

Bluewild fishing vessel catch reception
Artikkel

Fangstløysinga i ECOFIVE forklart

Trålfiske har alltid bydd på nokre utfordringar. ECOFIVE-løysinga frå Bluewild er ei ambisiøs satsing som vil halde kvaliteten på fangsten høg, og som vert realisert i ein fabrikktrålar utvikla av Ulstein Design & Solutions saman med rederiet. Ein forklarande animasjonsfilm i denne artikkelen forklarar fangstløysinga.

Fishing
Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Ul