Tow Olympic Ulstein 0039 D 4 web

Ulstein Verft startar utrustinga av Olympic sin neste CSOV

Slepet av skroget til byggnummer 319, det andre TWIN X-STERN CSOV-skipet (Construction Service Operation Vessel) til Olympic, kom til Ulstein Verft 8. mai 2024 frå Crist-verftet i Polen. No startar utrustingsarbeidet.

I 2022 signerte Olympic og Ulstein ein kontrakt på skipsdesign og bygging av to CSOV-ar av ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS. Skroga vert konstruerte av Crist-verftet i Polen, medan Ulstein Verft har det overordna ansvaret for byggeprosjektet, som også inkluderer elektriske og mekaniske installasjonar, rørlegging, innreiing og systemintegrasjon. 

Då skroget kom fram til Ulstein Verft vart det slept inn i dokkhallen der målingsarbeidet vil bli utført. I løpet av dei siste månadene av prosjektet vil ein starte opp systema og gjennomføre testar og prøvetur. 

  • Tow Olympic Ulstein 0035 D 2 web
  • Tow Olympic Ulstein 0037 D 3 web
  • Tow Olympic Ulstein 0033 D 1 web
  • Tow Olympic Ulstein 0051 D 5 web
  • Tow Olympic Ulstein 0065 D 6 web

Vi er glade for å sjå det andre skroget framkome til Ulstein Verft for utrustingsfasen. No har vi to fartøy under ferdigstilling på verftet, og vi gjer oss klare for ein travel periode fram mot leveringa av det første fartøyet denne sommaren. 

COO Marius Bergseth, Olympic

- Desse fartøya er utstyrte med toppmoderne teknologi, inkludert ei 3D-kompensert kran og gangveg for trygg personell- og lastoverføring til havvindturbinanlegg, og vil sikre kundane våre høg og trygg operasjonsevne i dei tøffe forholda offshore. Fartøya har moderne utvendige lugarar med dagslys for totalt 126 mannskap og kundar, og tilbyr den beste rekreasjonen for neste arbeidsskift, seier Bergseth.

Tow Olympic Ulstein 0051 D 5 web

Fartøya blir utstyrte med dieselelektrisk framdrift som har variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Ulstein Power & Control har fått kontrakt på å levere ein omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse.

ULSTEIN SX222-designet har ei lengde på 89.6 meter og ei breidd på 19.2 meter. Fartøya har 91 lugarar med plass til 126 personar.

Søsterskipet, byggnummer 318, vart dokka ut frå dokkhallen 6. april og er no godt I gong med oppstarts- og testfasen. Den neste større milepålen for dette fartøyet vil bli prøvetur. 

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret