Color Hybrid 'Ship of the Year 2019'

Color Hybrid vart ‘Årets skip 2019’

Verdas største plug-in hybridfartøy, Color Hybrid, er utnemnd til 'Årets Skip 2019'. På vegner av Ulstein Verft tok konsernsjef Gunvor Ulstein i mot prisen frå HKH Kronprins Haakon på Nor-Shipping-messa 4. juni 2019.

Ship of the year color hybrid

Ship of the Year'-utdelinga på Nor-Shipping, Lillestrøm.

Color Line-skipet vert bygd av Ulstein Verft. Byggnummer 311 er designa av Fosen Yard, og vil bli sett i teneste på linja Sandefjord - Strömstad.

'Color Hybrid' under sjøsettinga ved Ulstein Verft i april, foto Per Eide Studio.

Med ei batteripakke på 4,7 MWh vil Color Hybrid kunne sigle 12 nautiske mil berre på batteristraum, ladda med straum i Sandefjord.

- Ulstein har gjennom dei siste 100 åra utvikla ein solid kompetanse innan skipsbygging. For oss er denne prisen ei anerkjenning av verdiane våre om å tenke nytt, å engasjere og utfordre det eksisterande samt å levere kvalitet til våre kundar. Vi deler denne prisen med alle våre tilsette, og heile den norske maritime klynga, sa Gunvor Ulstein i talen sin. Ho takka også reiarlaget, Color Line, for den tilliten dei synte ved å plassere bygginga av dette innovative og miljøvenlege skipet ved Ulstein Verft.

Skipet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.

‘Årets Skip’-utmerkinga vert delt ut årleg av det maritime magasinet Skipsrevyen. Dei nominerte vert føreslegne av magasinet sine lesarar, og vinnaren vert kåra av ein fagjury. Innovasjon er eitt av dei viktigaste kriteria for å vinne.

Meir enn 70 prosent av leveransane til ‘Color Hybrid’ kjem frå bedrifter i den norske maritime klynga.

Siste nytt

Yno 317 Nexans Electra in dock hall partly painted ULS 03508 DJI 20250919133134 0044 D
Artikkel

Bak kulissane: Slik vert kabelleggingsskipet Nexans Electra bygd

Skipsbyggingsprosjektet Nexans Electra nærmar seg sluttfasen i dokka før det omfattande arbeidet held fram ved kai fram mot prøvetur våren 2026. Korleis organiserer ein arbeidet for hundrevis av arbeidarar, underselskap og leverandørar i mange månader for å få prosjektet ferdig på tid og på budsjett? Bli med på reisa saman med prosjektleiar Runar Toftesund ved Ulstein Verft.

Blue Ctrl personnel testing one of the operation stations
Oppdatering

Ny dagleg leiar i Blue Ctrl

Det Ålesund-baserte selskapet Blue Ctrl gjer strategiske endringar i leiinga for å styrke selskapet sin vidare vekst og posisjon i den maritime teknologinæringa. Den 1. november startar Marielle Furnes Mannseth som dagleg leiar i selskapet. 

Greg Mortimer's X-BOW cutting the seas, photo: Scott Portelli/Aurora Expeditions.
Artikkel

Aurora Expeditions: Set ein ny standard for ekspedisjonscruse med X-BOW-design

Aurora Expeditions tok i bruk sitt tredje ekspedisjonscruiseskip med X-BOW – Douglas Mawson – i september 2025. – Mange av gjestene våre har reist med andre ekspedisjonsskip før og merkar straks forskjellen. Anten det er betre søvn, mindre vibrasjonar når dei lyttar til foredrag, eller meir tid i områda ein besøker – designet forbetrar opplevinga, seier Katie Malone, marknadsdirektør i Aurora Expeditions når ho skal forklare X-BOW.