Acta Marine orders two new CSOV vessels of the ULSTEIN SX216 design web

Acta Marine går for to nye metanoldrivne CSOV-skip designa av Ulstein

Ulstein Design & Solutions AS har signert ein kontrakt med Tersan Shipyard på to metanoldrivne ULSTEIN SX216 konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) for havvindindustrien. Skipa skal byggast for det nederlandske reiarlaget Acta Marine og vert nummer 3 og 4 i rekka med den nye TWIN X-STERN-løysinga i Acta-flåten.

Acta Marine har allereie signert ein 12-årskontrakt med RWE for skipa, som går ut på at dei støtte vindparkar i Nordsjøen. Fartøya har base i Grimsby og vert venta å settast i arbeid i høvesvis 2025 og 2026.

Kvifor er TWIN X-STERN veleigna for havvindarbeid?

TWIN X-STERN-fartøya har to hekkar og to hovudpropelleingar i kvar ende. Det gjer at ein kan plassere begge endar mot veret og få høg operasjonsevne utan avgrensingar på farta.

TWIN X-STERN-løysinga gir høgare drivstoffeffektivitet samtidig som rørslene vert reduserte, noko som er viktig for serviceteknikarane som treng kvile og søvn for å kunne utføre sikre operasjonar.

TWIN X-STERN gir større fleksibilitet til val av propelltype, ei bisymmetrisk skrogform og det er mogleg med færre framdriftseiningar i framdriftsoppsettet.

Acta Marine orders two new CSOV vessels of the ULSTEIN SX216 design web
- Vi er glade for å kunngjere at vi kontraherer ytterlegare to ULSTEIN SX216 SOV-skip designa av Ulstein. Desse fartøya representerer toppunktet i eit omfattande forskingsarbeid frå Acta Marine i kombinasjon med Ulstein sin kompetanse på design og engineering.
Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine

Hybriddriven, med grøn metanol som primær energikjelde

Hybridkraftløysinga i desse fartøya, med grøn metanol som hovudenergikjelde, har metanol-/dieselmotorar (dual-fuel-motorar) støtta av ein batteripakke. Systemintegrasjonen opnar for dei mest drivstoffeffektive driftsmodusane, og med kombinasjonen av den drivstoffeffektive TWIN X-STERN-løysinga og dual-fuel-motorane vil utsleppa frå havvindpark-operasjonar bli reduserte.

Morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar

- Vi i Tersan Shipyard har eit godt samarbeid med Ulstein Design & Solutions og har fått erfaring frå dei to første Acta Marine-fartøya. Ulstein sine innovative designløysingar i Acta-skipa passar perfekt med Tersan Shipyard si omfattande erfaring med ulike typar fartøy, seier Sakir Erdoğan, forretningsutviklings- og marknadsføringsdirektør i Tersan Shipyard.

- Desse skipa har avanserte funksjonar og banebrytande teknologi, og kjem til å spele ei sentral rolle i å støtte RWE sine TK- og Sofia-prosjekt, og tilby effektive og pålitelege tenester samtidig som miljøpåverknaden vert minimert, fortel Rob Boer, som er administrerande direktør i Acta Marine.

- Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Innovasjon, ekspertise og kvalitet er vår styrke og gir meirverdi til kundane våre. Acta Marine har forplikta seg til å redusere sitt karbonavtrykk, og desse CSOV-ane passar inn i tidslinja dei har lagt om å oppnå 70 prosent reduksjon i netto CO2-utslepp. For å oppnå ein lavkarbon- eller nullutslepps skipsfartsindustri i framtida, må vi handle medan vi er i designfasen av fartøya, seier salssjef Rolf-Petter Almli i Ulstein Design & Solutions AS.

- Derfor har vi samarbeidd med Acta Marine om å vurdere dei best moglege drivstoffalternativa. Metanol er gunstig når det gjeld energitettheit og lagring, det er ei tilgjengeleg energikjelde, og dual-fuel-motorar som kan handtere både metanol og diesel er tilgjengeleg i marknaden. Så fort metanol hadde blitt valt som ei alternativ energikjelde, tok Ulstein Design & Solutions til arbeidet med å tilpasse designet og implementerte metanolbunkring, tank og systemoppsett på eit konseptuelt nivå.

ULSTEIN SX216 CSOV-design

Havvindservicedesigna frå Ulstein er utvikla for å effektivt støtte igangsetting, drift og vedlikehald av havvindparkar.

SX216-fartøyet har ei lengde på 89,9 meter, ei bredde på 19,2 meter og har plass til opptil 135 personar. Skipet har ei Walk-2-Work rørslekompensert gangbru for sikker personelloverføring til turbinane, ei 3D-rørslekompensert kran for lastoverføring, og kan frakte med eit mindre fartøy for personellfrakt på vindfarmen.

Ulstein blei kåra til Årets Industridesignselskap i 2022 som følgje av sine seinaste innovasjonar som bidreg til å avkarbonisere den maritime industrien, TWIN X-STERN er ein av desse.

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Bluewild fishing vessel catch reception
Artikkel

Fangstløysinga i ECOFIVE forklart

Trålfiske har alltid bydd på nokre utfordringar. ECOFIVE-løysinga frå Bluewild er ei ambisiøs satsing som vil halde kvaliteten på fangsten høg, og som vert realisert i ein fabrikktrålar utvikla av Ulstein Design & Solutions saman med rederiet. Ein forklarande animasjonsfilm i denne artikkelen forklarar fangstløysinga.

Fishing
Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS