Esvagt Heidi launched

Service Engineer Power

Ulstein Power & Control

Likar du å arbeide med avanserte tekniske løysningar for framtidas grøne fartøy?

Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

I stillinga som Service Engineer Power-Systems, vert du ein del av eit kunnskapsrikt, innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Service-teamet har ein sentral funksjon i selskapet og leverer tenester til nybygg, retrofit og service. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer i prosjekt og engineeringsområda.  

 Vi ser etter ein kandidat som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og som kan utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 13.09.2023

Bedrift: Ulstein Power & Control AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Service Engineer Power

Tal stillingar: 1

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Service Engineer Power

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Servicearbeid og fjernstøtte av system rundt i verda
  • Deltaking i utarbeiding av teknisk underlag, testing og verifikasjon av nye løysingar
  • Oppstart av system på nybygg og retrofit
  • Kundebehandling
  • Prosjektoppfølging i Noreg og utlandet
  • Servicearbeid på installerte system
  • Stillinga inneber reiseaktivitet   

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer personar med fagbrev som elektrikar eller skipselektrikar
  • Ynskjeleg med teknisk fagskule eller ingeniør innan fagområdet el-kraft og/eller automasjon.
  • Erfaring frå installasjon, oppstart av nye anlegg og service på skipssystem eller liknande er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid   
  • Løysingsorientert    
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag    
  • Vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar   

Vi tilbyr

  • Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling  
  • Godt arbeidsmiljø  
  • Konkurransedyktig løn  
  • Eigen reiseavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar  
  • Fleksitidsavtale 

Kontaktar

Per Einar Moldskred
Commissioning Manager
977 92 121

SX222 ULSTEIN June23 Power System See Through blue 85pst

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service- og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.

Ul