UPC Service Cord bakground 2400x1256

Senior Engineer Power Systems

Ulstein Power & Control

Trivast du med å utvikle tekniske løysingar og bidra til at skip kan bli meir effektive og miljøvennlege?

Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

I stillinga som Senior Engineer Power Systems bidreg du i eit innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Du vert ein del av eit fagleg sterkt team som er sentralt i utviklinga av berekraftige kraftsystem til nybygg og retrofit. Har du erfaring med, eller ønske om å arbeide med DC- og/eller MV-system vil det vere ein fordel.

Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».

Ulstein Power & Control har hovudkontoret sitt i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 13.09.2023

Bedrift: Ulstein Power & Control AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Senior Engineer Power Systems

Tal stillingar: 1

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Senior Engineer Power Systems

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i utvikling av løysingar knytt til det grøne skiftet   
  • Systemintegrasjon av power- og automasjonsløysingar  
  • Design og oppfølging av powerløysingar   
  • Delta i utvikling av framtidig powerarkitektur  
  • Engineering, oppfølging og kontroll av prosjektleveransar  
  • Bidra i kompetanseutviklingstiltak i Ulstein  
  • Sjølvstendige arbeidsoppgåver og samarbeid i tverrfaglege team  
  • Teknisk støtte til serviceingeniørar 

Kvalifikasjonar

  • Teknisk erfaring fra skip blir vektlagt, men nyutdanna blir vurderte   
  • Kunnskap innan marine kraftsystem og automatisering  
  • Kunnskap og erfaring med skipssystem og maritim industri  
  • Kompetanse på kortslutningsberekningar og selektivitetsanalysar   
  • Høgskule/universitet, bachelor- eller mastergrad    
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar  

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid  
  • Løysingsorientert   
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag   
  • Vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar  

Vi tilbyr

  • Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling 
  • Godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig løn 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Fleksitidsavtale

Kontaktar

Peter Pilskog
Managing director
901 05 665

SX222 ULSTEIN June23 Power System See Through blue 85pst

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service- og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.

Ul