Disiplinleiar Produksjon stål
Ulstein Verft
Ulstein tilbyr skipsdesign, skipsbygging og ettermarknadsoppdrag, systemløysingar og tenester som muleggjer effektive, ansvarlege og pålitelege marine operasjonar.
Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserar miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
Ulstein Verft har aukande aktivitet og søker derfor etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar, og som ynskjer å utvikle og skape resultat saman med oss. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall.
Praktiske opplysingar:
Søknadsfrist: 14.09.23
Bedrift: Ulstein Verft AS
Arbeidsstad: Ulsteinvik
Tittel: Disiplinleiar - Produksjon stål
Tal stillingar: 1
Fulltid / deltid: Fulltid
Tilsettingstype: Fast stilling
Ledig stilling: Disiplinleiar - Produksjon stål
I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare.
Arbeidsoppgåver
Er du klar for å løyse framtidas utfordringar for den maritime industrien?
Ulstein Verft har ein velfungerande produksjon med høgt kompetansenivå og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre prosjekt på ein god måte. Som tilsett hjå oss vil du få spanande og utfordrande oppgåver. Du vil vere ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra på å skape kreative og gode løysingar for å løyse noverande og framtidige prosjekt.
Stillinga Disiplinleiar Produksjon Stål omfattar avansert og sjølvstendig arbeid med ansvar for fagfeltet Steel & Outfitting samt koordinering av personell innan aktuelle prosjekt. Relevante arbeidsoppgåver er:
- vere prosjektet sin ansvarlege for sitt fagfelt
- sørgje for at selskapet sine HMS-reglar og standardar vert etterlevde
- sørgje for at produksjon blir gjort i samsvar med spesifikasjon, på tid og innanfor prosjektets timeramme.
- koordinering av aktivitetar innanfor sitt fagområde mot teknisk, innkjøp og plan
- skaffe behovsdato for komponentar og produksjonsdokumentasjon
- delta i og eventuelt leie prosjektmøte
- fremje god kommunikasjon og godt samarbeid internt og eksternt i prosjektet
- rapportere og grunngje avvik til prosjektleiar og/eller avdelingsleiar
- støtte prosjektleiar med å utforme ”Change Orders” (endringsordrar)
- medverke til å framskaffe naudsynt underlag ved bortsetting av arbeid
- ansvarleg for oppfølging av bortsett arbeid
- bidra til å utvikle deltakarane i prosjektet
- ansvar for innkalling til alle inspeksjonar innan eige fagfelt
- ved behov delta i interne prosjekt i linja og opp mot salsprosjekt
- ved behov i periodar gå inn i prosjektleiarrolle på ettermarknads-eller ombyggingsprosjekt
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- God fagleg kompetanse innan fagfelta stål og utrustning
- Relevant erfaring frå leiing, og innan maritim industri
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- God systemforståing og IT-kompetanse
- Økonomisk forståing
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Sjølvstendig og med høge krav til eige arbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ståpåvilje, positiv, engasjert
- God HMS-haldning
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Oppstart etter avtale.
Kontakt
Stig Slettebakk
Department Manager - Outfitting & Steel
915 81 013
Anna Louise Goksøyr
HR Manager
944 88 674
Om Ulstein
Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan off shore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i Ulstein, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.