Olympic CSOV Energy Management System

Bid manager

Ulstein Power & Control

Bli Bid manager hos Ulstein Power & Control og bidra til ei grøn framtid innan maritime kraft- og automasjonssystem.

Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

Då oppdragsmengda til selskapet er aukande, har vi no ei nyoppretta stilling som Bid Manager. I denne rolla vert du ein sentral medspelar i eit framoverlent og hyggeleg salsteam. Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å utvikle kalkulasjonsmodellar, utarbeide salsdokumentasjon, bygge opp KPI-ar (Key Performance Indicators) og etablere kostbasar. Under salsfasen vert du bindeleddet mellom sal, teknisk og juridisk avdeling. Stillinga har ein sentral funksjon i selskapet , og du blir involvert i vårt arbeid som fokuserer på framtidsretta berekraftige system.

Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».

Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og kontor ved Moa i Ålesund.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 13.09.2023

Bedrift: Ulstein Power & Control AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Bid manager

Tal stillingar: 1

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Bid manager

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Leie og organisere kalkulasjonsarbeidet
  • Utarbeide kalkylar og kvalitetssikre kostnader gjennom salsprosessen
  • Kontakt med innkjøp og leverandørar
  • Utarbeide salsdokumentasjon og kontraktsforslag
  • Delta i forhandlingar med kundar og leverandørar
  • Foreta "handover" til organisasjonen etter kontraktsignering
  • Prosjektkontroll i samarbeid med økonomiavdelinga
  • Stillinga inneber sjølvstendige arbeidsoppgåver i samarbeid med tverrfaglege team  

Kvalifikasjonar

  • Erfaring blir vektlagt, men også nyutdanna blir vurderte   
  • Kunnskap og erfaring med kalkulasjon av skipssystem
  • Utdanning innan elektro og/eller økonomi
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • Erfaring med bruk av Excel og ERP-system    

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid  
  • Analytisk
  • Like å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag   
  • Vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar  

Vi tilbyr

  • Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling 
  • Godt arbeidsmiljø der ein får vere med å påverke
  • Konkurransedyktig løn 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Fleksitidsavtale

Kontaktar

Peter Pilskog
Managing director
901 05 665

Malin Ulla Berg
HR & QA coordinator
911 00 410

SX222 ULSTEIN June23 Power System See Through blue 85pst

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service- og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.

Ul