Arbeidsleiar Overflatebehandling
Ulstein Verft
Ulstein tilbyr skipsdesign, skipsbygging og ettermarknadsoppdrag, systemløysingar og tenester som muleggjer effektive, ansvarlege og pålitelege marine operasjonar.
I Ulstein likar vi å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserar miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
Ulstein Verft har aukande aktivitet og søker derfor etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar, og som ynskjer å utvikle og skape resultat saman med oss. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall.
Praktiske opplysingar:
Søknadsfrist: 30.09.23
Bedrift: Ulstein Verft AS
Arbeidsstad: Ulsteinvik
Tittel: Arbeidsleiar Overflatebehandling
Tal stillingar: 1
Fulltid / deltid: Fulltid
Tilsettingstype: Fast stilling
Ledig stilling: Arbeidsleiar Overflatebehandling
I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare.
Arbeidsoppgåver
Er du klar for å løyse framtidas utfordringar for den maritime industrien?
Ulstein Verft har ein velfungerande produksjon med høgt kompetansenivå og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre prosjekt på ein god måte. Som tilsett hjå oss vil du få spanande og utfordrande oppgåver. Du vil vere ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra på å skape kreative og gode løysningar for å løyse noverande og framtidige prosjekt.
Arbeidsleiar Overflatebehandling vil ha eit hovudansvar for fagområdet overflatebehandling, men vil ved behov i periodar også måtte bidra inn mot andre fagområde knytt til Avdeling Stål og Utrustning.
Arbeidsoppgåvene som Arbeidsleiar vil kunne innebere:
- Planlegging og leiing av arbeid om bord i nybygg og reparasjonsoppdrag
- Time- og bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
- Rapportering av framdrift iht. planlagde aktivitetar
- Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
- Delta på inspeksjonar og utføre kvalitetskontroll på utført arbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant Frosio-sertifikat
- God tverrfagleg teknisk forståing
- Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil bli tillagt vekt
- Andre relevante sertifikat innan malar-faget vil bli tillagt vekt
- Gode norsk- og engelskkunnskapar muntleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
- Leiarferdigheiter
- Relevant erfaring frå maritim industri kan kompensere for manglande formell utdanning
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral
- Sjølvstendig og med høge krav til eige arbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ståpåvilje
- God HMS-haldning
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Oppstart etter avtale.
Kontakt
Stig Slettebakk
Department Manager - Outfitting & Steel
915 81 013
Anna Louise Goksøyr
HR Manager
944 88 674
Om Ulstein
Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan off shore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i Ulstein, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.