An ULSTEIN CX103 expedition cruise ship design no 7 for Sun Stone Ships SB fore low

Ulstein med kontrakt på sitt sjuande cruiseskipsdesign for SunStone

Det amerikanske reiarlaget SunStone Ships går for eit nytt cruiseskip i si INFINITY-klasse. Alle fartøya i denne klassa er designa av Ulstein Design & Solutions AS. Skipa er dei første som tok i bruk X-BOW-designet i cruiseindustrien, noko som både passasjerar og mannskap er svært nøgde med.

- Vi er svært glade for å ha signert ein ny kontrakt med CMHI Haimen-verftet for bygging av eit nytt ekspedisjonscruisefartøy av ULSTEIN CX103-designet, seier Lars Ståle Skoge, kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions.

Designa med vindauge i baugen

Sjølv om alle fartøya i denne klassa har vorte utvikla på den same designplattforma, og med ei lengde på 104,4 meter og ei breidde på 18,4 meter, er alle spesialtilpassa kundens behov for ulike tal passasjerar og mannskap, og fellesroma er også utforma i samsvar med kunden sine ønske. Dette nye fartøyet, som altså er nummer sju for SunStone Ships, deler den same eigenskapen som tre andre fartøy i klassa ved at det har vindauge rundt heile baugen for å gi mykje lys og ei oppleving av å vere i naturen medan ein oppheld seg innandørs. Tomas Tillberg Design er ansvarleg for interiørdesignet.

Bringer omgjevnadene inn i skipet

- Hovudfokuset vårt er å få omgjevnadene inn i skipet, der vi utnyttar dei store vindauga i det toetasjes atriumet og særleg då dei spektakulære vindauga i baugen, noko som er gjort mogleg gjennom Ulstein sitt design. Ein reiser med eit lite skip, men vil på denne måten få kjensla av å vere på eit større skip, seier Tomas Tillberg.

Ocean Explorer bow windows
Panoramavindauge i den toetasjes salongen i baugen på eitt av dei andre skipa i INFINITY-klassen, "Ocean Explorer".

Om skipet

Skipet har plass til 199 passasjerar og eit mannskap på 101. Det er sertifisert i samsvar med ICE CLASS 1A for polare cruisereiser og held den høgaste komfortklassen, og er SOLAS-sertifisert med mellom anna eit Safe Return to Port-pass.

SOLAS-konvensjonen regulerer obligatoriske tryggingsaspekt for skip på internasjonale reiser, mellom anna konstruksjon, stabilitet, maskineri, elektriske installasjonar, branntryggleik, livredningsutstyr, navigasjon, kommunikasjon og frakt av last. Kjelde: DNV

An ULSTEIN CX103 expedition cruise ship design no 7 for Sun Stone Ships PS fore
Ulstein har skrive ein cruiseskipsdesignkontrakt på skip nummer 7 til SunStone Ships.

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Bluewild fishing vessel catch reception
Artikkel

Fangstløysinga i ECOFIVE forklart

Trålfiske har alltid bydd på nokre utfordringar. ECOFIVE-løysinga frå Bluewild er ei ambisiøs satsing som vil halde kvaliteten på fangsten høg, og som vert realisert i ein fabrikktrålar utvikla av Ulstein Design & Solutions saman med rederiet. Ein forklarande animasjonsfilm i denne artikkelen forklarar fangstløysinga.

Fishing
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS