JSD6000 sea trial

JSD 6000 har gjennomført prøvetur

JSD6000, eit tungløfts-rørleggingsfartøy designa av Ulstein og bygd ved ZPMC-verftet i Kina, har gjennomført prøveturen og har no returnert til ZPMC Changxing-basen.

Publisert
05 desember 2023
Del

Prøveturen omfatta testinga av det maritime utstyret. Neste år vil det bli gjennomført ein prøetur for å teste kabelleggingsutstyret.

Tidlegare i år inngjekk JSD 6000 ein langsiktig kontrakt med Saipem, og arbeidet er venta å starte opp i 2024. 

JSD 6000 er eit tilpassa ULSTEIN SOC5000-design. Designet har ei roterande hovudkran frå NOV med ein løftekapasitet på 5000 tonn. Men det som verkeleg gjer dette fartøyet unikt, er kombinasjonen av eit 600 tonns S-leggingssystem frå Remacut via ei sentral linje under hovuddekket, og eit IHC EB 2 000 tonns J-leggingssystem via ein moonpool. Denne dobbeltdekk-konfigurasjonen, som er eit kjenneteikn i Ulstein Design & Solutions BV sine design, tillèt eit stort, uhindra dekksområde og rørfabrikasjon under dekk.

 

JSD6000 sea trial

Ta kontakt

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret