Dei norske verfta samlar seg om ein appell til politikarane

Appell frå dei norske verfta: Politisk handling no – for arbeidsplassar, beredskap og grøn omstilling

Dei norske verfta har samla seg om ein felles appell. Med rett politisk støtte kan vi sikre tusenvis av arbeidsplassar langs kysten, styrke nasjonal beredskap og ta ei leiande rolle i den grøne maritime omstillinga. 

Publisert
18 august 2025
Del

Bakgrunn

Verfta ber om konkrete grep som vil gjere det mogleg å vidareutvikle industrien. Gjer ein dei tiltaka som bransjen foreslår, vil norsk maritim industri med verfta som navet framleis vere ei internasjonal kraft – til beste for heile landet.

Noreg har ei komplett maritim klynge og er blant dei leiande skipsfartsnasjonane i verda. Norske verft er i verdstoppen når det gjeld bygging av skip, samt det å ta i bruk innovasjon og nye grøne løysingar for ei reinare framtid. Dette er ikkje berre ei teknologisk bragd – det er eit nasjonalt fortrinn.

Samfunnsøkonomisk verdi og lokal betydning

Skipsverfta skaper tusenvis av arbeidsplassar som gir store ringverknader i lokalsamfunna. Eitt årsverk på eit verft genererer fem-seks årsverk i andre næringar. Dette er hjørnesteinsbedrifter som held distrikta levande og bidreg til nasjonal verdiskaping. Å investere i skipsverft er å investere i folk, kompetanse og framtid.

Sjøfartsnasjon og ein spydspiss i det grøne skiftet

Vi ønskjer å vere ein aktiv medspelar i å vidareutvikle og styrke Noregs posisjon som leiande sjøfartsnasjon. For å lukkast, treng vi politisk vilje og samarbeid om løysingar som gjer det mogleg å bygge framtida – her heime.

Nasjonal beredskap og sjølvforsyning

I ei tid prega av uro og geopolitiske endringar, er det avgjerande at Noreg har eigen kapasitet til å bygge og vedlikehalde fartøy. Norske skipsverft er ein strategisk ressurs for maritim beredskap og sjølvforsyning. Når tryggleik står på spel, må vi kunne stole på eigne hender og hovud.

Oppropet er støtta av bransjeorganisasjonane Norske Skipsverft og Norsk Industri Maritim. 

1. Norske skipsverft – ein strategisk ressurs

Verfta våre er navet i nasjonal beredskap og sjølvforsyning. Det er avgjerande å sikre og styrke verfta som ein sentral del av den norske maritime klynga, spesielt med tanke på nasjonal sikkerheit og beredskap.

Verfta ønskjer:

Still krav i offentlege anskaffelsar til bl.a. HMS og ESG - same krava som ein stiller til norske verksemder gjennom særnorske vilkår, som allmenngjering, solidaransvar og openheitslov

Sikre at mest mogleg av verdiskapinga rundt fregattane vert utført i Noreg

Sikre at dei 28 standardfartøya i Forsvarsløftet blir bygde i NoregViktig at kontraktsvilkåra er slik at også private aktørar kan handtere desse, tettast inn mot vanlege standard sivile skipsbyggingskontraktar

 

2. Konkurransedyktige rammevilkår

Det er viktig å behalde norske verft som ein del av den maritime klynga for å klare måla om nullutslepp innan 2050. Med ringverknader i heile den maritime klynga kan Noreg bli verdas viktigaste aktør innan grøn skipsfart. Men vi konkurrerer mot land med omfattande statleg støtte og krav om lokal produksjon. Handlingsrommet i EØS-regelverket gir oss moglegheiter – la oss bruke det aktivt og målretta.

Verfta ønskjer:

  • Forbetra rammevilkår for private norske eigarar – formuesskatten må takast vekk
  • Vetoretten for tillitsvalte i dagens innleigeregelverk må fjernast.
  • Styrking av prosjektfinansiering, større medverknad frå Eksfin
  • Akselerere det grøne skiftet - CO2-fond for investeringar i lavutsleppsløysingar tilsvarande modell for NOX-fond – øyremerka til ombyggingar og nybygg i Noreg
  • Styrking og forenkling av verkemiddelapparatet inn mot forsking & utvikling i skipsbyggingsindustrien (digitalisering, engineering, meir effektive produksjonsmetodar, produksjonsfremjande tiltak)


3. Utdanningstilbodet er nøkkelen til framtidig kompetanse

I dag fungerer verftsindustrien som ein rekrutteringshub for maritime næringar. Yrkesfaglege linjer som YSK og andre fagutdanningar er avgjerande for rekruttering til skipsverftsindustrien.

Dette er ikkje berre utdanning – det er beredskap.

Verfta ønskjer:

  • Eit koordinert løft for å sikre tilgang på fagarbeidarar og byggje opp att nasjonal skipsbyggingskapasitetBetra støtteordningar til bedriftene, mellom anna for å sikre utdanning av lærlingar og redusere utanforskap
  • Støtte til livslang kompetanseheving

 

Vegen vidare

Noreg har alt som skal til: kompetanse, teknologi og vilje. Med rett politisk støtte kan vi sikre arbeidsplassar, styrke beredskapen langs kysten og ta leiarskap i den grøne maritime omstillinga. Gjer vi dei grepa som er foreslått, vil verfta som ein del av norsk maritim industri framleis vere ei internasjonal kraft – til beste for heile landet.

Saman kan vi sikre at framtidas skip blir bygde i Noreg – for ei tryggare og grønare verd.

På biletet frå venstre: Dag Vikestrand (Fiskerstrand Verft), Gunvor Ulstein (Ulstein Verft), Hans Jørgen Fedog (Green Yard Group), Nina Myklebust Lødøen (Larsnes Mek.) og Leiv Sindre Muren (Myklebust Verft). (Foto: Ulstein).

Ikkje til stades ved bildetakinga: Øystein Matre (Westcon Yards), Øyvind Heggdal (Aas mek.), Cathrine Kristiseter Marti (Vard) og Jarle Gunnarstein (Larsnes Mek.). Oppropet er støtta av Norske Skipsverft og Norsk Industri Maritim. 

Dei norske verfta samlar seg om ein appell til politikarane

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret