Olympic Hercules (ThorII)
The first vessel based on the ULSTEIN design portfolio which was launched in 2000. She is a high spec Multifunctional Anchor Handling Tug Supply Vessel of the ULSTEIN A101 design, designed for a wide range of offshore operations. She has large rope and wire capacities and a hotel compliment of high standards.
Primary Specifications
Additional Data
Ship history
The naming of the vessel on 12 January 2002 was a spectacular happening as it coincided with the official opening of the new dock and dock hall at Ulstein Verft by the Minister of Trade, Ansgar Gabrielsen.
After having mastered the "Olympic Hercules" for six months, Captain Roar Kvalsund gave this feedback:
"Ulstein Verft has long experience in the construction of these types of vessels, and few can compete on quality. This is a stunning vessel that functions exactly as it should under all conditions. For the crew, this is a comfortable workplace with little noise and movements. In the first months of operation, we have taken on several assignments including towing, transport and anchorhandling in the UK and Norwegian sectors in the North Sea. We have also performed subsea operations down to 500-600 metres."
Despite a poor offshore market for parts of 2002, Olympic Shipping AS reported a good result for the operation of the 'Olympic Hercules'. The vessel completed 44 jobs in 2002, after having been delivered on 18 January, and proved to be suitable for deep-water operations where all her 23,500 horse power is required. According to the shipowner, the ULSTEIN A101 design became attractive in the North Sea after short time due to the combination of size, breadth and power. The high freeboard means that little water approaches deck in heavy seas, making it safer for the crew working on deck.
Milestones
Olympic Shipping was restructured as Olympic Subsea ASA in 2017.
2021: Olympic Hercules has been sold to Credebt-Sea Angel I SA and has changed name to Thor II.
Skipshistorie
Designporteføljen ULSTEIN-design vart lansert i år 2000, og 'Olympic Hercules' er det det første skipet basert på eit ULSTEIN-design. Skipet er eit multifunksjonelt ankerhandteringsfartøy av ULSTEIN A101-designet, og er designa for fleire typar offshoreoppdrag. Skipet har stor vaierkapasitet og innreiing med høg standard.
Dåpsseremonien den 12. januar 2002 var ei spektakulær hending fordi den gjekk av stabelen samtidig med den offisielle opninga av den nye dokka og dokkhallen til Ulstein Verft, ved næringsminister Ansgar Gabrielsen.
Etter å ha prøvd ut "Olympic Hercules" eit knapt halvår, gav skipper Roar Kvalsund denne tilbakemeldinga:
- Ulstein Verft har svært lang erfaring i bygging av liknande skip, og eg trur det er få verft som kan konkurrere på kvaliteten. Dette er ein fantastisk god sjøbåt som fungerer akkurat slik den skal under alle slags forhold. For oss som har arbeidsplassen vår om bord er det også ein behageleg båt med lite støy og rørsler. I det første månadene i arbeid har vi gjort det meste eit slikt skip er bygd for, det har vore tauing, frakt av gods av mange slag ut til plattformene, og ankerhandtering både i engelsk og norsk sektor. Vi har og fått prøve oss på eit par oppdrag ned til 5-600 meter og sett at skipet fungerer ypparleg også her.
Trass i ein vanskeleg marknad i delar av 2002, rapporterte Olympic Shipping AS gode resultat for driftinga av 'Olympic Hercules'. Skipet fullførte 44 jobbar i 2002 etter leveringa den 18. januar, og viste at det kunne nyttast til djupvassoperasjonar der det var bruk for alle 23500 hestekrefter. Reiarlaget uttrykte at ULSTEIN A101-designet vart etterspurt i Nordsjøen etter kort tid som eit resultat av kombinasjonen av storleik, breidde og kraft. Det høge fribordet gjer at det kjem lite sjøvatn på dekk sjølv ved mykje sjøgang, noko som gjer det tryggare for dekksmannskapet.
Gjennom ei omstrukturering i 2017 gjekk Olympic Shipping over til Olympic Subsea ASA.
2021: Olympic Hercules har blitt selt til Credebt-Sea Angel I SA og endra namn til Thor II.